onsdag 14. januar 2009

Om å verta oppvegd..

Anemone skreiv her om dagen om å verta både målt og vegd. Ho fortel om sonen som vart målt og vegd og funnen for kort. Noko som er bale nok i seg sjølv, ikkje å verta målt, men funnen for lite eller for mykje av eit eller anna, den eine eller den andre vegen. Målt opp mot ein eller anna standard. Den vanlegaste standaren er vel ”Fleirtalsstandaren”. Denne standaren som baserar seg på at fleirtale har rett. At fleirtalet er rett og at ”sauflokken” alltid går rett veg.

Saueflokken er kanskje ett litt nedsetjande begrep i vår kultur, kunne for såvidt vore ka so helst flokk...me kan god sei kengurflokken for den saks skuld. Eg må få tilføya at eg fann innlegget til Anemone veldig godt og klokt skrive, spesielt avslutninga fall i god jord hjå meg


Det forundra meg litt at ein del folk her inne, eller her ute..vert beflippa øve at me vert vegd her. At dei tenkjer at ikkje nok med at me vert vegd i mors liv, hjå helsesystra, på skulen, hjå opptakskontoret, hjå sjefar og arbeidgjevarar, hjå det motsette kjønn, av skatteinnkrevaren og av badevekta, og ja også i Blogglandia. Skulle det vere so ansleis her? Er bloggsamfunnet ein eller anna velukka sosialistisk innordning der alle er like, likar det same, likar dei same, tykkjer alt er vakkert, klokt og morosamt?


Hermetisk harmoni får ingen framover. Diskusjonar og usemd er den beste kvalitetsikring plar eg sei. Eg trur på det. Eg trur også på at mangen tykkjer mitt pjatt er nettopp det, pjatt ,og surfar innom ein gong, og let det vere med det. Nett slik eg gjer det med nokre. Da so kanskje er bale med slikt er at nokre eg tykkjer er fantastiske, kjenner det ikkje slik om meg....det er då eg hentar vekta mi, og ser om eg ikkje kan finne dei og for...korte. Eg vert lett såra slik. Når nokon ikkje likar meg. Nauda for å ta att pressar seg på...ei lita finte, eit spark...

Kven er det då so så driv og veg oss slik? Og kvifor likar me det så dårleg?

Saka er den at Staten det er eg, som ein eller anna solkonge sa eingong. Det er eg som driv og veg slik. Kvar dag veg eg. Ein og anna dag veg eg deg. Eg veit at du har voge meg, om du veit det eller ikkje. Du sit og gjer det akkurat no faktisk. Mest sannsynleg vil du finne meg for kort. Det er det mange som gjer. Men eg veit at eg gjer det eg og.

Eg er eit menneskje som systematiserar og grupperar. Eg må ha orden og oversikt. Dei nifse puttar eg der, dei blå legg me der. Dei morosame (etter mitt syn) dei legg eg bortunder vindauga. Oppi korga legg eg dei shabby, dei som er både shabby og chick dei får liggja framme på bordet. Eg vil omgje meg med folk som bekreftar meg. So likar det eg likar, som er einige med meg, som skryt av meg og ler med meg....ikkje av meg. Slik er det berre.


Men so er det eit større aspekt her og. Miamor er flink med slikt. Å vise verdien til kvar enskild. Nokre gonger seier ho at verdien din er ikkje i det du gjer, men det du er saman med andre. Andre gonger snakkar ho om hjarta og kjærleiken, om romslegheita (fins sikkert eit berte ord på nynorsk, fann det ikkje), om å tåla det som ikkje er som oss. Dette er både gode og viktig ord.
Me menneskje kan heldigvis velja å vera meir enn det me frå naturen er. Me kan velja å handsama kvarandre med intigritet og respekt. Å lera å lika da som ikkje er likt oss. Eg trur me får rikare liv slik og det bør me strekkja oss langt for å gjera.


Men ellers så vert me nok vegd....og til tider funnen for kort. Og då kan me jo alltid trøsta oss med ord som seier at skattane fins utanfor allfars vei, og ” folk flest fann bileta til Gauguin og Picasso stygge då dei vart mala....

Og hugs kjære venner, at dette kun er mi audmjuke (!) konkludering...;)

8 kommentarer:

  1. Du verden for ein herleg tankevekkjar!!! Eg skjønar at eit eller anna har trigga deg til dette umåteleg djupe, men likevel lett forståelege innlegget. Bloggverda kan vere så mongt, den har heldigvis fare fint åt med meg. Eg er stor forfektar av personlegdom, integritet og tankefridom. Likevel let eg meg av og til bli fanga, rett og slett, av det folk skriv om på bloggane sine. Og det er her det geniale ordvalet ditt passar så bra; "hermetisk harmoni". Den har eg ikkje høyrt før, og no ligg den i harddisken for framtidig bevaring! For det er vel kanskje hermetisk harmoni når halve Blogg-Noreg har Green Gate koppar, syr blonderender på putene sine, har tablå med sju ulike gjenstandar og likar same blomane? Eller er det ikkje det? Eg ser at det er lett å verte fanga i denne hermetiske harmonien, har sjølv eit rikt utval GG-koppar i hyllene mine - men det er faktisk fordi eg likar dei så godt! Men eg har faktisk ikkje hatt mot til å seie høgt og tydeleg at eg ikkje likar primula! Alle bloggar er for tida fulle av primulablomar i alle regnbogens fargar. Rart at eg aldri har likt dei, kanskje har det med å gjere at dei så fort daudar? Ikkje veit eg, men då dottera mi på seks år ville ha ei slik plante på romet sitt, kjende eg at eg var på hogget til å seie nei. Men ho fekk primula, rosa sjølvsagt, og vart både glad og stolt.

    Huffameg, dette vart visst ein lang kommentar, kunne like godt ha vore eit blogginnlegg, kanskje. Men du klarte verkeleg å vekkje noko i meg. Trur liknande tankar har lege latent hos meg lenge, du fekk no fram i dagen for meg - TAKK!

    Og igjen må eg få lov å skryte av fotokunnskapane dine.... Håper du ikkje har sovna på post når du har lese kommentaren min.., hi,hi! Har eigentleg mykje meir på hjartet, men det får vere til ein annan gong!

    Hermetisk harmoni, den var god....

    SvarSlett
  2. Kloke ord dette:-) Du for et ansvar vi har vi foreldre ovenfor våre barn. Tenk på oppdragelsen vi gir de, og så bortetter...

    Så la saueflokken bli Individer, som en sauebonde fra trøndelagen sa en gang.

    Kunne vel skrevet noen ord om blogglandia og andre nettsteder, men så kommer en til det at en ikke orker kanskje?
    Hageblogger syns jeg er ren og ryddig og ikke minst; koselig:-), men har hørt om andre bloggland som ikke er sånn.

    Rekker ikke mere nå. Middagstid med familien:-)
    Tid, samtale og tanker.

    Ha en fin ettermmiddag:-D

    SvarSlett
  3. Nydelig den granmeisen din:-))

    SvarSlett
  4. det var vel det skjønneste lile fuglenøstet jeg har sett noen sinne!

    Ellers, vi er alle forskjellige, noen liker å gå i flokk, noen liker å finne egen sti. Spiller ingen rolle for meg så lenge folk gjør det de _egentlig_ har lyst til.

    SvarSlett
  5. Dette er jeg hjertens enig med deg i. Så godt at noen reflekterer og tenker, og deler det med andre. Det er nå så trygt det å ligne de fleste andre og jatte med..Jeg klarer ikke det, hvor mye jeg enn måtte prøve.. men det gidder jeg egentlig ikke heller da..
    Vi er som vi er, sauer eller ikke sauer..egentlig ålreite dyr det og'.
    Ha en fin kveld og takk for dine tankevekkende ord! Tove

    SvarSlett
  6. Jeg sier det kort : Skjønner godt du er din bestefars barnebarn !Det har nok gått i arv det der !

    SvarSlett
  7. For et fint innlegg. Vi har bare godt av å tenke litt gjennom tingene av og til.

    Fuglen var utrolig nydelig, du er god å fotografere.

    Jeg trodde jeg skulle le meg fillete da jeg plutselig fikk øye på spaiderman i full aksjon i bitteliten utgave på siden din. Skikkelig tøff.

    SvarSlett
  8. Hei!
    Er ofte innom bloggen din, du skriv så flott!
    Er veldig enig i det du skriv i dette innlegget, blogglandia kan vere ein finurleg plass der ein nesten kan føle seg annleis om ein ikkje har dei same meiningane om kva som er vakkert eller skriv like intressant og klokt som alle andre..
    Eg trur eg har klart å skrive på en slik måte som gjenspegla meg sjølv, slik eg er..Enkelt og greit.. :)

    Ps:
    Eg har linka deg på bloggen min, håper det er greit for deg :)
    Ha ein fortsatt fin dag!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.