onsdag 3. mars 2010

Spiseplassen..

Tenkte eg skulle slengje meg med på NIB utfordringa og vise kvar me et...



Spiseplassen på kjøkkenet




Kjøkkenbordet kjøpte eg av ei veninne som fann kjærleiken i Irland, rundt 1000 kr for bord med eit slag og 6 stolar. Bordet vart malt og stolane trekt om. No rommar bordet inntil 10 etandes individ og er heilt klårt den spiseplassen som vert mest nytta. (eit av bilda avslører også at det ikkje alltid er heilt ryddig der..)
I januar hadde eg høve til å skifte den ut då eg fann draumekjøkkenbordet med 6 stolar på salg. Men i og med at den eg hadde var vel brukande (me lever i miljømerksame tider) og den nye ville outshine spisestova som står 3 meter unna ( då har ein karusellen gåande..)vart den verande att i butikken....sukk!


Å ete i stova..










Spisestova kjøpte eg av ein tidlegare sjef, bordet Norden (IKEA) og 6 stolar med ulike trekk (IKEA), for 500 kr. Bordet hadde opplevd fukt og var ujevnt i overflata. Eg mala heile rukkelet, pussa ned bordplata og kvitolja den. Her er det fintfolka et....:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.