søndag 18. april 2010

Lidderlige kvinner og kloke menn..

eller var det omvendt? Her hin dagen, medan sola skein og me enno trudde på vår, gjekk eg den sedvanlege runden i hagen. Nistirra på alt tegn til liv, såg fø meg Babylons hengande hagar, planla dammar og terassar med roser og peoner og anna eksotiske vekstar. Sukka litt over pengasluket og arbeidsmengda.



Saken er den at eg ynskjer meg ein gamaldags romantisk hage, full av allverdast uendelege vakre plantar. Og i den hagen skal det haldast hageselskap frå tidleg mai til sein august. Der skal kunstnarar møtast, unge oppadstormande kvinner og menn skal i seine nattetimar...



over eit glas Absint og to, løyse verda sine problem medan dei leikande jagar kvarandre rundt frå den ein hemmelegsfulle staden til den andre...lidderlig... leande..



Veit ikkje heilt korleis det skulle gå for seg men litt slik som "Frokost i det grønne" av Édouard Manet, berre det at i min hage var det både frukost og kvelds....



Det var då eg såg det, den hin dagen. At eg kanskje lurte meg sjølv litt. At eg ikkje kjende så mange kunstnarar, kanskje berre ein. Ei heller har eg so mange venner at hagen kunne fyllast opp tidt og ofte. Dei har jo både famile og arbeid. Og kanskje verst av alt...her er ikkje so mykje lidderlighet att....



Kvifor då gå gjennom alt dette arbeidet? Åravis med investert fritid og peng, berre for ein hage ungane ikkje får spele fotball i. Ein heim for fuglane og ikkje noko meir?



jaja, aldri so gale at det ikkje er godt for noko...eg kan jo blogge om den då....
I dag har eg stole alle bilda og lever i angst for at dei skal finne det ut. Alle hagebilda er stolne frå Once Wed Blog og Manetbildet fann eg ein anna stad i cyberspace. Det fyrste bildet er frå Giarimi Design..og slike champangeglas vil eg ha!...men om dei kjem for å ta meg skal det jammen meg ikkje verte lett å finne meg..ute i den (wannabe) overgrodde hagen....lidderlig og leande..etter 10 glas absint...

7 kommentarer:

  1. hi hi hi - så nydelige bilder og så utrolig bra tekst!§§ Hi hi hi - takk for dagens gode latter§!
    Klem Hilde

    SvarSlett
  2. Drøymer må me ha lov å ha, tykkjer eg. Koslig innlegg !!

    SvarSlett
  3. He..Selv er jeg kunstner(billedkunstner)og enda skjønner jeg ikke hvordan det gikk til med absint og måleri. Har prøvd,)
    Hage i tillegg, er ok:)
    Morsom tekst.

    :-)

    SvarSlett
  4. Det høres ut som en sånn hage eg har drømt om i alle år - kanskje fordi nabohuset til foreldra mine på Eikanger (!!) har ein slik hage - i allefall nesten!!
    Men eg har vel innsett at her autspå så vert de nok ikkje så stor hage som eg vil ha - her er det mest frimerkestore hageflekker som folk lukar med pinsett!! Kjedelig!!

    Du kan jo innvitere til bloggtreff i den store hagen din - då tenker eg du får det fullt nok i allefall!!

    Kos deg i dag! Klem!

    SvarSlett
  5. Veldig flotte bilder og koselig tekst. Er veldig glad for at du skriver på dialekt! Jeg er ikke god i blogg-etikette, er helt fersk her, men så lenge du forteller hvor bildene er tatt fra (og kanskje lenker tilbake?) så er det vel lov å låne? (Det har i alle fall jeg gjort...)

    Og uten drømmer kommer man ingen vei. Jeg lever etter mottoet at jo flere planer og drømmer man har, jo større sjanse er det for at i alle fall én eller to av dem går i oppfyllelse :)

    Ha en god dag!

    Catrine

    SvarSlett
  6. Det vakre glasset i grønt var bare lekkert. Rett og slett. Og drømmer om hage har jeg også. Min er litt inspirert av Mosedalen, med endel stein samt at den skal være romantisk og bugne litt villt. Inni meg har jeg alt klart.

    Lykkesukk og klem fra meg.

    SvarSlett
  7. Hehe! Festlg innlegg og flotte "stjålne" bilder..

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.