onsdag 6. oktober 2010

Interiør frå 90-talet..

På tampen av 90-talet var eg veldig nøgd med stilen min. I dag veit eg ikkje heilt kva eg tenkte på, men slik er det vel med det meste.... :)




Eg var nett ferdig med syrelutingstida, der at vart innsmurt med Kaustisk Soda, alt som rak forbi fekk seg ein omgang med grautapenselen...gamle folk og fjerne slekningar... ikkje eit auga var turt. So var det høgtrykkspyling so flisene fauk. Ordinære tremøblar såg ut som dei hadde pels.....



Eg var meir eller mindre ferdig med den trekvite tida. No fekk møblane farge. Svart likte eg godt. Furu var endå til å leva med. Men bileta kan borga for kvifor me 10 år seinare malte furuhelvetet bort. For mykje av alt godt, vert sjelden godt i lengden.



Skåpet over har vore luta, vore svart og er no kvitt. Trur faktisk det gjorde seg best i svart. Når det gjeld resten av nips og naps...har det ikkje øvelevd siste tiåret.... den raude velurstolen måtte ta si siste reis på haustryddinga etter mange år i skjul under uendeleg mange tepper...

Når eg no ser nøye etter må eg smile...kanskje mest av soppgardina på kjøkkenet.. brenn du for noko, sy gardiner av det :)

5 kommentarer:

  1. Morsomt. Denne tida har jeg også vært innom...:-) Bonderødt, og blått, sennepsgult og mørkeblått. For ikke å snakke om tørka rosebuketter. Gud av meg ...

    helle i hih

    SvarSlett
  2. Vi endrar oss og let oss påvirke av det vi møter på vår veg..
    Berre vi ikkje gjer som andre gjer fordi vi trur dei veit best ;-)
    Det å vere seg sjølv og ha tru på at det ein gjer er bra er viktig!

    Stor klem :-)

    SvarSlett
  3. Artig gjensyn med velkjente tema ;-)

    Synes det er bra vi forandrer oss og er i bevegelse, jeg, trender eller ikke. Å stå stille er vel ikke noe gøy det heller? ;-) Tenk hva vi ler av om ti år da... :-))

    SvarSlett
  4. Godt du har bilder så du kan minnes, hvordan du hadde det, og hvordan du ikke vil ha det!!

    Klem!!

    SvarSlett
  5. Haha, ja kva har ein vore igjennom. Når eg var lita hadde eg kvit tapet med grøne flugesoppar. Deretter oransje og brunstripa strietapet. Så kom 90-talet og det vart miljøstrie og lilla, samt vegg til veggteppe. Når vi var lei blomstra rutsjekapper, så malte vi i bonderaudt, oker og flaskegrønt. Så var det kvitt igjen med lasert panel i blått og idag så er alt kvitt. Heilt utruleg alt ein har sovna inn i. Er spent på når alle sluttar å male kvitt. Det må no ta slutt ein gong.

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.