fredag 28. april 2017

Vårjubel


torsdag 27. april 2017

No kjem våren

 

No har dei lova sol og varme
i allefall litt varme
nokon ropte ut – 17 grade!!
– dei har lova 17 grade!
når tempen har lege på minus og null
med sur nordavind
er det forståeleg at nokon ville
verte glade av berre 17 grade..

onsdag 26. april 2017

eg må no klare det...





Som de ser går det trått med blogginga mi for tida. Det er ikkje direkte planlagt og frivillig. Som mange kjenner til, tida strekk ikkje heilt til, ikkje så mykje som eg vil i allefall.
Så då tenkte eg at eg i allefall må kunne klare å leggje ut eit tidsriktig bilde kvar dag då. Ein bildeblogg av ein elle anna sort. Instagram tenkje du kanskje..men eg er vorten så nærsynt at det formatet ikkje gjev meg den same opplevinga.. Så eg prøver meg her igjen etter gammalt.... eit kvar dag....
det må eg no klare....

dagens bilde er teke i ettermiddag
nede i lia veks kvitveisen
der rulla eg meg rundt
og fekk allslags løgne
resultat..

tirsdag 25. april 2017

ein aprilblome

søndag 26. mars 2017

og plutseleg var det mars..




utan at eg har vorte da minsta klokare
eller fått bedre tid
men godt er det no likevel
at våren nærmar seg med stormskritt..




søndag 5. februar 2017

Så var det januar


januar var litt ein skuffelse
 lite snjo
og lite sol


med unntak av ein sundag
me faktisk kom oss ut på ski


blomar var den rik på dog
blomar lovar vår


sjølv om frosten enno rår






Så fort var 1 av 12 månadar i det nye året levd
og med ny president i USA
må eg sei eg kjenner meg minst
eit år eldre
;O

snjoen som fall i fjor..



plutseleg oppdaga eg
at bloggen hadde stivna
ein stad
i fjor
før jul


her kjem nokre bileter
frå siste del av 2016


jula var fin


livet er jo mest ein fest, sant?