søndag 24. desember 2017

Ynskjer dykk alle ei god jol


tirsdag 19. desember 2017

O helga natt


Fin julesong frå Modalen

mandag 18. desember 2017

Som julenissen på kjerringa


plutseleg var det mindre enn ei veke igjen
og samtidig som ein er førebudd
og nesten klar


vert ein litt overraska lell
når ho kjem over oss
med full kraft..

mandag 4. desember 2017

Me held fram på sparebluss


kransar er so flott
og vist litt in for tida også
da fins nesten ingen instagramkonto med respekt for seg sjølv
som ikkje har ein sværa krans hengjane på ei eller anna skulder
og ja eg er med
da e fint
og da skal so lite te
berre litt granbar og to kongle
so e da jul hjå meg
Ynskjer dykk ei herleg veke!


torsdag 30. november 2017

Innkjøpsstopp



Når jula nærmar seg har eg ei lei tendens til å gløyme alt eg har kjøpt
til tidlegare juler
det er som eg ikkje eig noko
te pynte med til jul
eller at det eg har er så skralt eller so lite


så difor har eg jo einlei tendens til å leggje att etter meg nærare eit halvt statsbudsjett
i butikkar som sel nips og dill og sånn

  
resultatet vert at kvart år veks haugen med julestas
og kontoen minkar


so i år investerte eg kun i nye kvite ljos te helgas adventsevent
og gjekk i skytjo etter resten
i allefall nesten

  
vedskio va litt krum i ryggjen
noko som kan gje eit intrykk av fart om ein er vennleg stilt
eg likar det faktum at den er unik
fins ingen lik


litt enkel pynt som luktar godt
litt hjelpt av ein limpistol
og adventstaken var i boks


relativt billig, naturleg og asketisk
slikt kan me lika

Ynskjer dykk ei fin adventshelg!