mandag 1. mars 2010

Hjelpalausa...

Da e er ikkje lenge frå kadl'n for te Plolen før problema starta. Lyspere gjekk som såpeboble, bosset vaks meg øve håve og no ser det ut til at kjølehjørnet fuskar seg på veg inn i brukslausa.


Eg har fleire kjekke prosjekt eg kunne tenkt meg fullført, men utan mann vert det dårleg med det. Utruleg tossje at eg har rota meg inn i denne hjelpelausa. Da va ikkje slik før, då klara eg meg sjølv i mange år. Eg snikra og skrudde, lyfta og bar. Eg ordna med alt. No har eg vent meg av med alt slikt. No veit eg ikkje korleis bosset kjem seg frå sine innandørsspann og ut til da store utanfor. For meg er dette vorten eit mysterium.
Snart skriv vi 8 mars og eg innser at eg er langt frå intensjonane i ungdommen. Og sjølv om eg kan om eg må, har eg nok vorten litt rusten på enkelte arbeidsområde i heimen, da inrømme eg. På mange måtar må eg innsjå eit lite nederlag i dag, men løye nok trur eg likavel ikkje at eg vil byta....og håpar Kadl'n snart kjem heimatt slik at eg kan frigjerast til ting som verkeleg betyr noko...som blomepynting og bloggstyling....

2 kommentarer:

  1. Hahaha ha.
    Fornøyelig og gjenkjennbart det der !

    Har jo vært gjennom de forskjellige fasene og det er jo utrolig hvor tilpasningsdyktige vi er - bare vi får tid på oss.

    Et godt tips til slutt ! Når han kommer hjem så legg av deg de nye vanene med EN gang - ellers kan det fort bli ei langvarig vane. Å bære ut søpla, for eksempel....

    Håper du klarer deg...:-)

    SvarSlett
  2. Hehe, den var god ! Må innrømma at eg kjenner meg igjen !!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.