mandag 25. juli 2011

..vakum...

Desse dagane er tid for stilla, men aldri har eg kjend større behov for å snakke enn no. Ikkje at eg skal gjere det likevel. Sigrid hadde eit innlegg for ikkje so lenge sidan, der ho minna oss på kor lenge ein time kunne vere for dei som lid og har det vondt, og kor viktig det er for oss andre å bruke den klokt. Visare kan eg ikkje sei noko som helst.



..og så burde me kanskje bruke denne viktige teksten meir forebyggjande, enn berre til fest og i etterpåklokskapens lys...



...så vil eg avslutte med å sei kor imponert eg er over dei ungdommane som har levd helvetet på Utøya og som i pressa etterpå har svara med verdiane dei alltid har stått for; likskap, felleskap og omsorg for alle. Dei har vist at dei klara halda fast ved dei då alt so grusomt vart sett på prøve og det verkeleg gjaldt.

2 kommentarer:

  1. Pleasure to wal on your blog, greeting from Belgium

    SvarSlett
  2. Uwielbiam Twoje zdjęcia i podziwiam od dluższego czasu. Jestes moją inspiracją. Szkoda, że nie znam języka.
    Very beautiful photos!
    Pozdrawiam Iza

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.