mandag 18. august 2014

Speltbrød


Før tenkte eg at spelt va fø spesielt interesserte
men no har eg fått smaken på dette mjølet 
og leve frivillig i villlfarelsen om at det er så mykje sunnare
enn vanleg kveite
berre litt
men litt e nok te at  me nesten kvar dag har nybaka speltbrød
fins ikkje noko bedre enn nybaka brød


her skal de få ei superenkel oppskrift:

3 dl grov speltmjøl
6 dl sammalt fint speltmjøl
1 ts salt (1/2 går og fint)
3 ss god olivenolje
3 kvistar timaian (uten kvisten :)
1/2 ts sukker
ein god neve solsikkefrø om du likar det
50g gjær
kan fint bruke tørrgjær eller mindre mengde gjær om du hever litt lengre
3-4 dl lunka vatn

Rør gjæren ut i vatnet og tilsett all veske
Elt inn det tørre
hev ca 1 time
bak ut og etterhev ca 30 min
(eg får eit stort eller to mindre brød av denne deigen)
du kan leggje dei rett på brett eller bruke brødformer
eg legg dei rett på brettet for dette gjev steikeskorpe rundt heile brødet og det er det ungane mine likar
Sett på nederste rille i kald ovn
steik ca 50 min på 180 grader
(ovnar er ulike, her må du sjekke)
Når brødet lagar hul lyd når du dunkar på det, er det ferdig
med nystekte kantarell eller nyrørt syltetøy ol smakar det fortreffeleg!


2 kommentarer:

  1. wunderschöne aufnahmen, das sieht sehr lecker aus, danke für das rezept!!! angie

    SvarSlett
  2. Mmm, dette så rett så fristende ut. Kan nesten kjenne duften.

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.